Midt oppi tragedien og alt det fæle som skjedde 22.juli, gjekk eg og venta på at ei god venninne av meg skulle bli mor for tredje gong. Når utruleg masse trist fyllte tv-skjermen var det godt å "trøste-strikke" på eit baby-teppe. Eg er glad for handarbeidgleda mi, den hjelper når ein vil roe ned , "tømme hovudet" eller bare la tankane fara medan nevane arbeidar.
Eg valgte å bruka Nøstebarn-garn til arbeidet og fulgte oppskrift frå "Strikk til nøstebarn"- av Kathrine Gregersen. No skriv også Kathrine om baby-tepper på nøstebarn-bloggen og den finn du her
Kathrine Gregersen har også skrive ei anna kjekk bok som heiter "Brukt på nytt" og der finn du blant anna oppskrift på hekla bilar!!! Hekling er eg ikkje særleg god på,så eg såg dette som ein anledning til å bli ørlite bedre......Skal sei eg klarte å tømma hovudet for alt anna, hadde bare fokus på å få heklenåla til å lystra mine handbevegelsar! Til og med då mannen min og eg var på reis og bilen streika heilt midt uti ingenmannsland, fann eg roleg fram heklenål og byrja å hekla bildekk!! Veldig greit når Viking endeleg dukkar opp ,og eg hadde 3 heklabilar å visa til :-) Veit ikkje heilt kva Vikingsjåføren syntes om mine bilar, men eg var hvertfall godt fornøyd med egen innsats og jammen gløymte eg å venta og!
Kjempe fint teppe du har laget,morsomt med de bilene:)
SvarSlettTusen takk for det Hekle Linda! Blei så glad då eg fann oppskrift på dei bilane! Kjekt med noko anna enn hekleblomster. Var innom bloggen din og der var det jammen masse fint! Likte spesielt godt smurfen og bilen med campingvogn :-)
SvarSlett