Til Quilte-helga var eg så utruleg heldig å få hjelp til å montera eit dobbelt sengeteppe, som har vore ein kjempe UFO (UFerdig Objekt ) inne på syrommet mitt i mangfaldige år......så mange år at eg har kome ut av tellinga. Sjølve toppen av quilten har vert ferdig i alle desse år, men tanken på å montere toppen med vatt og bakstykke har vore veldig kviafyllt. Toppen måler 2,57 *2,57 m (!) , og det seier seg sjølv at det ikkje er gjort i ein fei......
Men, med 2 gode quiltevenner var løysinga nær . Dei hadde nemleg montert store arbeid før og brukt ei spesial-laga ramme som hjelpemiddel. Problemet var bare at mitt arbeid var rundt ein halvmeter lengre enn det lengste dei hadde montert og den opprinnelege ramma var for liten til mitt monster av eit teppe. Men ingen problem er for store til desse tøttene og utfordringar tek ein på strak arm. Etter ein tur på Monter , nokre skruar og oppmåling seinare , hadde eine quiltevenninna mi ramme , som no kan ta tepper opp til 3*3 meter!
Her er bakstykket i ferd med å bli stramma opp på ramma |
Etterpå la me vatt oppå. Her må ein ta ein halvtimes pause slik at vattet får lagt seg skikkeleg mot bakstykket. Me benytta pausen til kaffi og vafler :-) |
Eg fann ut at hvis eg brukte ei skei å skubba teppedelene ned med den samtidig som eg dro nåla gjennom,var det mykje enklare og raskare å tråkle arbeidet.Krumminga på skeia gjorde det lett å få tak i nåla med fingrane.
Eg trudde eg var fyrste til å bruke skei i tråklinga, men ei dame fortalde meg at i USA har de spesial-laga skeier nett til dette formålet...... Jaja, trøsta får vera at det visste ikkje eg då eg kom på det :-)
Så flott å få så god hjelp. Og slikt uoverkommelige jobber blir så mye lettere når en får litt hjelp og moralsk støtte. Ser ut som dette blir ett flott teppe - gleder meg til å set det ferdig.
SvarSlettJa, den hjelpa var heilt nødvendig for å få jobben gjort :-) Satser på å få quilta teppet i romjula, så det dukker nok snart opp bilder av ferdig resultat håper eg :-)
SvarSlett