Totalt antall sidevisninger

mandag 30. juli 2012

Oooooops!

Då eg skulle finna fram bilde av bunaden til mannen min, snubla eg over bilder av ein genser eg har gløymt å blogga om ! Denne genseren var ferdig i April!! Den var altfor varm å bruke då, så den vart fotografert og lagt inn i skapet i påvendte av kaldare vær.....Ute av syne, ute av sinn....
Men her er den altså!


Vendingene i vendestrikk lagar fint mønster i strikket, og gjør at genseren er  enkel å ta på og ikkje minst behageleg når den først er komt på . ( som ved bruk av Raglan- eller Rund-felling )





Genseren er stikka i garn frå mohair-geitene eg har skrive om før. Det innlegget finn du her .
Teknikken eg har brukt er frå dette danske heftet om Vendestrikk. Veldig kjekk og rask måte å strikka på!!








2 kommentarer:

  1. Den såg veldig fin og god ut! Kunne godt tenkt meg ein sånn...Strikketøy er det lenge sidan eg har hatt, men kanskje til hausten?

    Marian

    SvarSlett
  2. Takk for tilbakemelding , Marian! Kan absolutt anbefale dette garnet! Deilig å sitta med "på pinnane , og deilig å ha på! Ekstra kjekt at garnet er " kortreist "

    SvarSlett