Samtalen peila fort innpå håndarbeid og prosjekter me held på med. Mormor er ein tusen-kunstnar som kan klare det meste med symaskin og strikkepinner. ( for ikkje å snakke om hageinteressen og pilfletting mm. , men det er ein anna historie )
Langt inn i iveren om felles interesse, nevnte eg for henne at me venta på et lite tante ( og onkel ) -barn , og at eg lurte litt på kva eg skulle finne på til dette nurket, som me visste med stor sansynleghet var jente. Då viste det seg at mormor satt med ein strikke-kjole ( Strikka etter oppskrift frå boka " Strikk til nøstebarn " av Kathrine Gregersen ) som var for liten til den prinsessa ho hadde strikka den til. Ho hadde lurt på å rekke den opp, men hadde ikkje heilt fått seg til å gjøre det. No kunne eg få overta prosjektet!!! Heldige meg!
Eg monterte kjolen , som var minimalt med arbeid, siden den bare mangla nokre saumar under kvar arm. Sydde på pynteband og perlemor-knapper. Så fann eg ut at ein underkjole til strikka-kjolen hadde vert fint, då er det godt å ha bøker som "Barnetøy du selv kan sy" av Elsebeth Gynther til fri benyttelse. Boka er frå 70-tallet og har mange gode grunnmønstre til barneklær. Den er like aktuell no som den var for godt og vel 30 år sidan!
| Underkjolen er sydd av tynt bomullstøy. Med knapper på selane er den enkel å ta på og varer lengre siden knappane kan flyttast etterkvart som barnet veks. |
| Slik blei det ferdige antrekket. No gledar eg meg til å gi det vekk! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar