Totalt antall sidevisninger

mandag 21. mars 2011

Storesøster-presang

I eit tidlegare innlegg skreiv eg om nyttårs-barnet som eg vart tante til i år. I tilegg til vognteppet som vart sydd til den lille prinsen, laga eg også denne veska i akkurat passe størrelse til den stolte storesøstra. Grunnen til at eg poengterer akkurat passe størrelse , er at storesøstra var i flokken av tantungar som fekk store vesker til jul ( sjå tidlegare innlegg ) Denne jule-gåva traff nemlig tante blink med og foreldrene endte opp med ein 3-åring som skulle ha veska med på ALT. Ikkje alltid like kjekt når du skal ein snartur på butikken med jentungen for å handle melk og brød, og den unge håpefulle formelig drar veska etter seg innover butikk-golvet :-)

Så då var det jo klart at tante sitt gull måtte ha akkurat passe veska til shopping!!! Har ei bok på syrommet som eg har mykje glede av , og hentar fram titt og ofte. Den heiter "Vårgleder" og er skriven av Miriam Nilsen Morken og Tone Merete Stenkløv. Inni den fant eg Emma-veska :-) Den vart like godt tatt i mot som den store blei ( til min store glede ( og foreldrenes lettelse )) Hadde tantungen på besøk i dag og veska var med!! Oppi der hadde ho bla. tyggis og smokk ( Som 3-åringer flest er ho både stor og liten på ein gong ) Det gledar eit håndarbeidshjarta når ting blir brukt!!!

3 kommentarer:

  1. Nydelig veske Hanne :-)mvh Kirsten

    SvarSlett
  2. Den e bare sooo mykje brukt, i den har ho ikkje bare tyggis og smokk, men rosa leke telefon,nøklar, lommebok og solbriller :) tidlig krøkast go veske brukar ska bli!! No har jento funne ut at tanto e og storesøster og da te mammo, og kunne stolt stadfesta at tante er hennas venn!! ;) Goè gull korn fra desse små!!
    *Brita*

    SvarSlett
  3. Tusen takk , Kirsten!

    Det var kjekt å høyra ,Brita! Det varmer eit tante-hjerta :-D

    SvarSlett