Totalt antall sidevisninger

mandag 7. mars 2011

Veske-kurs med Andrè Wallenborg

22.-23. januar arrangerte Stord Quiltelag veske-kurs av og med Andrè Wallenborg. Medlemmer av Stord Quiltelag fekk dette kurset av laget ( Me betalte ein minimal egenandel) , som takk for innsatsen under Vestlandstreffet 2009. ( Ser dere at eg har lært å legge inn koblinger? ) Og for ein takk det var!! Me hadde ei fantastisk, lærerik helg med ein inspirerande person ( les : Andrè Wallenborg )!

Me lærte masse nyttige ting og teknikkar i forhold til korleis ein syr ei haldbar veske : gode veskebunnar av nylonband og canvas, bruk av spiler og strikk i lommer, oppbygning og design av veske, ja eg kan nevne i fleng!

Alle hadde med seg hovudstoffet til veska, resten fekk me i material-pakkar på kurset.Det var også mulig å få kjøpe stoff av Andrè hvis ein ville forkasta sin første idè eller det viste seg at stoffet ein hadde valgt ikkje var godt egna.  Eg var veldig spent på korleis veska mi ville sjå ut med hovudstoffet eg hadde valgt. ( Sykedelisk gardin i grovt , men tett vevd materiale, frå Kid ) Synest i grunnen den vart veldig fin, og planlegg no ny veske i eit anna spennande stoff!
Slik blei veska mi !
Veske med god og stødig bunn

Lomme med Spile ( Svart kant over glidelåsen ) Og Glidelås-lomme med "skjult" lomme inni.
Lomme med strikk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar