Totalt antall sidevisninger

onsdag 6. juli 2011

Lys-lykter

Dubedåre er ei av dei bloggerne eg begynte å lese fast og som gjorde meg interessert i blogging. Gjennom hennar blogg har eg funne fram til masse spennende idèar og ikkje minst mennesker! Bla. Lykketing og hennar knallfine lyslykt i stoff! Fekk veldig lyst å laga noko lignande!
 Eg kjøpte inn lin som er ganske grovt vevd, slik at lyset reflekterar fint gjennom lin-strukturen. Eg synes idèen med å bruke spaghetti-saus glas ol. er kjempegod, men ønska meg ei enda større lykt som kan romme eit stort kubbe-lys.
Eg enda derfor opp med å bruke ein heilt rett glasvase frå Plantasjen som "inner-del", og sydde deretter sylinderen i lin slik at eg kunne tre denne over vasen. Lot sylinderen være ca. 5 cm høgare enn sjølve vasen.
Pynta toppen av lykta med blonde og eit band med perler og små metall-hjerter. ( Kjøpt på ein fantastisk quiltebutikk i Skudeneshavn )

Bilde tatt med speilrefleks-kameraet viser best korleis  lykta blei, medan mobil-kameraet  visar  det fine lyset som er i lykta....
 Medan eg var i gong å lage lykter, ville eg prøve meg på nokre i litt mindre målestokk, der eg også kunne prøve ut ein decopage-teknikk som eg lærte på eit av Stord Quiltelag sine medlemsmøter. Også her er inner-delen vasar frå Plantasjen, men i mykje mindre målestokk enn den i den store lykta. Serviettane eg har brukt
er frå Europris, medan decopage-utstyret er frå Panduro.

Det var utrolig kjekt å sy lykter, og lyset de gir skapar ein koseleg atmosfære. Takk for inspirasjonen og idèen!

2 kommentarer:

  1. Knallfine Hanne!!:-) fristande å prøve ut... Men eg hadde garantert ikkje klart å sydd stoffet slik at den hadde passa sylinderen!!:-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for da!! Dette klare du med glans Ag! Mål innerdelen legg til sømrom + 0,5-1cm i slingringsmonn. Du kan Evt. Sy ein tråkletråd først og sjekke at det passer :-)

    SvarSlett