Totalt antall sidevisninger

mandag 21. mars 2011

Storesøster-presang

I eit tidlegare innlegg skreiv eg om nyttårs-barnet som eg vart tante til i år. I tilegg til vognteppet som vart sydd til den lille prinsen, laga eg også denne veska i akkurat passe størrelse til den stolte storesøstra. Grunnen til at eg poengterer akkurat passe størrelse , er at storesøstra var i flokken av tantungar som fekk store vesker til jul ( sjå tidlegare innlegg ) Denne jule-gåva traff nemlig tante blink med og foreldrene endte opp med ein 3-åring som skulle ha veska med på ALT. Ikkje alltid like kjekt når du skal ein snartur på butikken med jentungen for å handle melk og brød, og den unge håpefulle formelig drar veska etter seg innover butikk-golvet :-)

Så då var det jo klart at tante sitt gull måtte ha akkurat passe veska til shopping!!! Har ei bok på syrommet som eg har mykje glede av , og hentar fram titt og ofte. Den heiter "Vårgleder" og er skriven av Miriam Nilsen Morken og Tone Merete Stenkløv. Inni den fant eg Emma-veska :-) Den vart like godt tatt i mot som den store blei ( til min store glede ( og foreldrenes lettelse )) Hadde tantungen på besøk i dag og veska var med!! Oppi der hadde ho bla. tyggis og smokk ( Som 3-åringer flest er ho både stor og liten på ein gong ) Det gledar eit håndarbeidshjarta når ting blir brukt!!!

torsdag 10. mars 2011

Nyttårsbarnet

Søster mi og sambuaren hennar vart i år foreldre til sjølvaste nyttårsbarnet!! Ein herleg gut som tante hadde veldig lysst å sy noko fint til. Søstera hans fekk vognteppe då ho vart født, så då syntes eg det passa å lage gutte-versjonen denne gang!
Vognteppet til ho som no er storesøster
Gutte-versjonen

tirsdag 8. mars 2011

Samarbeid

Rett etter jul hadde eg koselig besøk av mormor og sambuaren hennar ( som ungane kalder Oldeper :-D )
Samtalen peila fort innpå håndarbeid og prosjekter me held på med. Mormor er ein tusen-kunstnar som kan klare det meste med symaskin og strikkepinner. ( for ikkje å snakke om hageinteressen og pilfletting mm. , men det er ein anna historie )

Langt inn i iveren om felles interesse, nevnte eg for henne at me venta på et lite tante ( og onkel ) -barn , og at eg lurte litt på kva eg skulle finne på til dette nurket, som me visste med stor sansynleghet var jente. Då viste det seg at mormor satt med ein strikke-kjole ( Strikka etter oppskrift frå boka " Strikk til nøstebarn " av Kathrine Gregersen ) som var for liten til den prinsessa ho hadde strikka den til. Ho hadde lurt på å rekke den opp, men hadde ikkje heilt fått seg til å gjøre det. No kunne eg få overta prosjektet!!! Heldige meg!

Eg monterte kjolen , som var minimalt med arbeid, siden den bare mangla nokre saumar under kvar arm. Sydde på pynteband og perlemor-knapper. Så fann eg ut at ein underkjole til strikka-kjolen hadde vert fint, då er det godt å ha bøker som "Barnetøy du selv kan sy" av Elsebeth Gynther til fri benyttelse. Boka er frå 70-tallet og har mange gode grunnmønstre til barneklær. Den er like aktuell no som den var for godt og vel 30 år sidan!

Underkjolen er sydd av tynt bomullstøy. Med knapper på selane er den enkel å ta på og varer lengre siden knappane
kan flyttast etterkvart som barnet veks.
Slik blei det ferdige antrekket. No gledar eg meg til å gi det vekk!

mandag 7. mars 2011

Star Wars ( og "Mom Wars" )

Starter innlegget med eit heller halvhjerta forsøk på dårlig ordspill. Det har seg nemlig slik at min unge, lovende på 6 år helst bare vil gå med bomulls-luer fordi " ull klør ". Ein av mine mål i vinter blei derfor å finne ei strikka-lue som var så kul at den bare måtte på!! duBedåre blei redningen!!! Her fant eg link til flotte strikke-mønster med Star Wars - motiv. Grunnoppskrift til lua fann eg hos Garnstudio. Valget av garn falt på Sterk frå Store Alpakka. Det blei ein stor suksess og lua har vert i bruk dagleg!!!


Lua fekk også følge av rille- vottar frå boka " Strikk til nøstebarn" Av Kathrine Gregersen (Ein av mine favoritt bøker! ) Slike votte-par har det siden blitt mange av! Raske og enkle - og kjempegode i bruk!

Veske-kurs med Andrè Wallenborg

22.-23. januar arrangerte Stord Quiltelag veske-kurs av og med Andrè Wallenborg. Medlemmer av Stord Quiltelag fekk dette kurset av laget ( Me betalte ein minimal egenandel) , som takk for innsatsen under Vestlandstreffet 2009. ( Ser dere at eg har lært å legge inn koblinger? ) Og for ein takk det var!! Me hadde ei fantastisk, lærerik helg med ein inspirerande person ( les : Andrè Wallenborg )!

Me lærte masse nyttige ting og teknikkar i forhold til korleis ein syr ei haldbar veske : gode veskebunnar av nylonband og canvas, bruk av spiler og strikk i lommer, oppbygning og design av veske, ja eg kan nevne i fleng!

Alle hadde med seg hovudstoffet til veska, resten fekk me i material-pakkar på kurset.Det var også mulig å få kjøpe stoff av Andrè hvis ein ville forkasta sin første idè eller det viste seg at stoffet ein hadde valgt ikkje var godt egna.  Eg var veldig spent på korleis veska mi ville sjå ut med hovudstoffet eg hadde valgt. ( Sykedelisk gardin i grovt , men tett vevd materiale, frå Kid ) Synest i grunnen den vart veldig fin, og planlegg no ny veske i eit anna spennande stoff!
Slik blei veska mi !
Veske med god og stødig bunn

Lomme med Spile ( Svart kant over glidelåsen ) Og Glidelås-lomme med "skjult" lomme inni.
Lomme med strikk