Totalt antall sidevisninger

torsdag 1. september 2011

Sjarmerande skapningar på 4 bein

I nærleiken av hytte-området der foreldra mine har hytte,nærmare bestemt på Helland i Fitjar kommune,bur det ei kjekk og kreativ dame som bla. driv med Mohairgeiter. Hilde Volden de Fine heiter ho. På garden har ho nokre svært så sjarmerande geiter som har noko av den finaste ulla du kan tenka deg!


Med litt lokking og rasling med brødposen var frøknene klare for" foto-shoot"
Det er noko med utseende til desse geitene som fekk oss til å tenke på kyser og mamelukker med blonde :-)
Med krøller som kan misunne kvar ein permanent-kunde.....
 Etter ein tur hos geite-frøknene, var turen kommen til å hilsa på bukkane.......

Er det meir godt oppi her?


Imponerande horn!

Hilde klipper geitene sine og sender ulla inn til Tele Spinn AS , som sender garn tilbake. I kjellaren til Hilde finn du derfor eit spanande utvalg av garn i fantastiske fargar! ( Alt garnet er farga for hand)
Plagga frå dette garnet er utruleg varme, noko som gjer at sjølv florlette strikke- og hekle kreasjoner varmar svært godt. Her finn ein både "luksus" -garn frå geite-kje , fleirbruksgarn som kan brukast til det meste og noko som kan sjå ut som dreds (skrives det slik?) ,som er ull tvinna rundt ei trådkjerne.


 Her er Hilde med "dreds" -ulla.
Ullprodukt som set fantasien litt på prøve :-)
                   Her er ein god idè til bruksområde for
                   "dreds"-ull : Kjempeflotte og ikkje
                   minst varme sitteunderlag!


Mykje flott i hyllene!!
 Dette kom eg heim med. Kva det skal bli, veit eg ikkje heilt endå.......
 Det er kjekt å kunne handle garn så lokalt i nærmiljøet og i tillegg bli sjarmert av geitene :-)
Har du lyst å vite meir om garnet, eller å "snope" Litt i butikken til Hilde? Her er kontaktinformasjon:

Hilde Volden de Fine
Helland
5419 Fitjar
Tlf: 53498996/ 97172352
                                                                                     E-post : hild-fin@online.no