Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten jakker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakker. Vis alle innlegg

mandag 31. oktober 2011

Haust-tid er Kurs-tid

Hausten bring mykje forskjellig med seg og då gjeld det selvfølgelig å fokusera på alt det som er positivt med haust, f.eks. Nydelege fargar,Levande lys, noko varmt i koppen og sist ,men ikkje minst : Haust er Kurs-tid!
Denne hausten har så langt hatt med seg eit breitt spekter av kurs for min del, og no boblar eg nesten over av kreativitet og skapar-glede..........

Eg har nett komen heim i frå ei fantastisk,resirkulert helg i nydelege Rosendal ,der eg har besøkt ærverdige Rosendal Turisthotel ,vore på kurs i den koselige Raualøo og overnatta hos søster mi ,  der eg fekk nokre timar pust i bakken og kos med tantungane.

Fredagen starta med foredrag av Signe Schineller der temaet var JUL & GJENBRUK . Inspirerande og nyttig foredrag....Her var det mykje ein kunne ta med seg inn i heimen! Bloggen til Signe finn du HER

.Lørdag og søndag var satt av til kurs av Erling Nesse der temaet også var JUL & GJENBRUK, og her lærte me MYKJE!!! Bruk av Rammelim, Svulmepasta og folieteknikk var upløyd mark for meg, - og i kombinasjon med symaskin og gjenbruk vart dette både spennande og utruleg inspirerande!! Erling er imponerande kreativ, ein god pedagog og inspiratør. Har du anledning til å gå på kurs med han, bør du gjere det!! Han skriv også blogg og den finn du HER. Det er så godt å vera saman med slike kreative og spennande mennesker, og då snakkar eg både om Foredragshaldar, Kurshaldar og mine nye sy-venner som eg gjekk på kurset med! Takk for no, eg håpar eg treff dykk snart igjen!

Vinterhjarter av gammal ullsokk :-)



I "sløret" på kvart hjarta svevar eit ord
,som på dette der det står "stille"
Hjarter av gammal ullsokk ,pynta og klare
til å setje stemning på vinteren.

Bokmerke med lause trådar, laga av papir,tapet og bilde/ tekst
overført til stoff ved hjelp av ramme-lim.

Ei lita julegåve til meg sjølv: Notatbok med
trekk som eg kan skrive kreative idèar i.

Trekket er pynta med folieoverføring til stoff,tvinna streng og nokre
perler frå eit øydelagd smykke. Penne-lomma er frå ein utgått
støvelett :-)

Mange spennande prøvelappar som pirrar fantasien......

Og sist, men ikkje minst : Skatten eg fekk av ei av mine nye sy-vener!
TUSEN TAKK, Marihøno!


I slutten av September var eg på kurs på "Kvist og Kvast", ein spennande butikk som me er heldige å ha her på Stord. Her lærte eg å fletta hjarter i pil. Både fri- handsfletting og krusedull-flett på ramma vart gjennomgått , og  eg er no stolt eigar av to pile-hjarter som pryder heimen! Gledar meg til våren kjem igjen og hagen som innbyr til meir fletting av pil og andre materialer!


Hjarte fletta på fri-hand helsar velkommen

Haustleg stemning frå trappa.

Knute som krever at du har styrke i fingertottane......

Hjarta av krusedull-flett på ramme
har fått koma inn i varmen og pyntar
veggen i trappa.


Krusedull-flett i ordets rette forstand.........
Innimellom arbeid og andre kurs går eg og på bunadskurs der eg er i ferd med å sy ferdig Rogalandsbunad til min mann. Her er det øving i å væra stø på neven  og følga instruksjonane som blir gitt. Då er det ekstra godt med de andre kursa innimellom, der eg får utløp for kreativiteten! Bunadskurset er kjekt og givande arbeid synest eg, men eg kunne ikkje "bare" sydd bunad......då trur eg skaparevnen og kreativiteten hadde fått seg ein knekk........


Brokade-vest i nydelig brokade, nærmar seg
ferdig......

Bunadsjakken......

bunadsknickers på veg til å få broderte
knapphol.

Linningar som ventar på skjorta si....

Detaljbilde frå linningane
Det var kursa så langt ! Om 14 dg. har Stord Quiltelag open helg, og då vert det nye ting å læra. Du er hjarteleg velkommen du og!!

mandag 4. juli 2011

Heilårs-jakke med personlig vri

Huff og huff, no er det altfor lenge sidan eg har skrive her på bloggen! Innspurt på jobb før eg får ferie og hage-lidenskapen min har tatt heilt overhånd! Sommarkveldar i hagen som inneber skitne nevar ( Er ikkje særleg flink til å bruke arbeidshanskar ) og trøtt, men lukkeleg kropp har ikkje vert heilt forenlig med pc`en.
Men, handarbeid har eg gjort innimellom, og noko har vert i bruk ei god stund, fordi eg har vert så treg ,både med fotografering og blogging.
 Men no har min noko motvillige modell på 6 år stilt opp , så ho mor kunne få fotografert den nye jakken hans.
Då eg foreslo fotografering i trampolinen gjekk alt så mykje meget bedre.......



Oppskrifta til jakken har eg funne i Kathrine Gregersen si bok " Strikk til nøstebarn" La om fargevalget og stripene vart til etter eige hovud.
Hadde lyst å tilføre lommer til jakken, så desse strikka eg for seg og sydde på i etterkant.

Strikka de slik at de vart litt "runde" i formen og ikkje heilt flate mot jakken. Dette gjorde eg ved å bytte til eit nr. større pinnar nokre omg. etter opplegginga.Bytta tilbake til dei mindre pinnane igjen då eg skulle strikka brotet oppe på lommene. Romslige lommer som passar ein 6-åring på skattejakt!

fredag 13. mai 2011

Jakke i domino- strikk

For ei god stund tilbake strikka eg ein jakke i domino-strikk. Eg fann ei oppskrift på Garnstudio sine sider og fekk veldig lysst til å prøve denne teknikken. Oppskrifta finn dykk her
Veldig kjekk måte å strikke på synest eg , men likte ikkje heilt garnet ( silke-tweed ) Synest tråden slit lett . Andre som har erfaringer med dette garnet?
Eg strikka jakken i str. medium og det holdt i massevis for min del. Sidan jakken skal festes med brosje eller nål, så er det jo ulike måtar å dandere den på, eller bare la den henge "laust " framme, og det gir den jo fleire bruksområder kanskje?
 Likte det å arbeide med ei rute om gangen og på ein måte " pusle" saman jakken etterkvart. Veldig greit arbeid å ha med rundt omkring fordi ein jobbar nettopp med ei og ei rute om gangen! Nedanfor ser dykk resultatet av domino-strikket mitt:



 Blir kjempeglad om du legg igjen ein erfaring om du har strikka med denne teknikken - eller garnet, eller om du veit om andre kjekke oppskrifter med domino-strikk!

lørdag 16. april 2011

Litt meir ullfilt og eit aldri så lite ønske........

Hadde lyst å prøve meg på å sy jakke i ullfilt , og satte i gang med eit dypdykk ned i stoff-lageret. Der fann eg både ullfilt og cordfløyel (babycord) som eg syntes var fin og som passa godt saman. Etter jakken var omtrent ferdig gjekk eg på nok ein snopetur ( Har ein tendens til å bli nokre av dei.....)  På sybutikken og der fann eg nokre kjempefine band som passa knallbra til fargane på jakken ! Måtte ha......bare måtte ha.....

Og her kommer altså eit aldri så lite ønske inn : Kunne så veldig gjerna ønska meg nokre fine band (helst vevde) som er litt meir " Guttete" ! Gi meg dødninge hovuder, bilar og fly!!!! Ikkje bare søte blomar og blonde-border !Kanskje finns det allerede , det er bare eg som ikkje veit kor eg skal leita...... Kan nokon hjelpe meg med tips?? Alle kommentarer mottas med takk :-)
Slik blei resultatet! Ein fryd å kose seg med fine band og knappar! Eget mønster og design.

Detalj frå jakken bak. I saumen midt på ryggen er "sårkantene" på vranga sydd ned, noko som gjer at jakken er meir behageleg på og gir ein fin effekt til ryggen.

Jakka bakanfrå.