Totalt antall sidevisninger

mandag 31. oktober 2011

Haust-tid er Kurs-tid

Hausten bring mykje forskjellig med seg og då gjeld det selvfølgelig å fokusera på alt det som er positivt med haust, f.eks. Nydelege fargar,Levande lys, noko varmt i koppen og sist ,men ikkje minst : Haust er Kurs-tid!
Denne hausten har så langt hatt med seg eit breitt spekter av kurs for min del, og no boblar eg nesten over av kreativitet og skapar-glede..........

Eg har nett komen heim i frå ei fantastisk,resirkulert helg i nydelege Rosendal ,der eg har besøkt ærverdige Rosendal Turisthotel ,vore på kurs i den koselige Raualøo og overnatta hos søster mi ,  der eg fekk nokre timar pust i bakken og kos med tantungane.

Fredagen starta med foredrag av Signe Schineller der temaet var JUL & GJENBRUK . Inspirerande og nyttig foredrag....Her var det mykje ein kunne ta med seg inn i heimen! Bloggen til Signe finn du HER

.Lørdag og søndag var satt av til kurs av Erling Nesse der temaet også var JUL & GJENBRUK, og her lærte me MYKJE!!! Bruk av Rammelim, Svulmepasta og folieteknikk var upløyd mark for meg, - og i kombinasjon med symaskin og gjenbruk vart dette både spennande og utruleg inspirerande!! Erling er imponerande kreativ, ein god pedagog og inspiratør. Har du anledning til å gå på kurs med han, bør du gjere det!! Han skriv også blogg og den finn du HER. Det er så godt å vera saman med slike kreative og spennande mennesker, og då snakkar eg både om Foredragshaldar, Kurshaldar og mine nye sy-venner som eg gjekk på kurset med! Takk for no, eg håpar eg treff dykk snart igjen!

Vinterhjarter av gammal ullsokk :-)



I "sløret" på kvart hjarta svevar eit ord
,som på dette der det står "stille"
Hjarter av gammal ullsokk ,pynta og klare
til å setje stemning på vinteren.

Bokmerke med lause trådar, laga av papir,tapet og bilde/ tekst
overført til stoff ved hjelp av ramme-lim.

Ei lita julegåve til meg sjølv: Notatbok med
trekk som eg kan skrive kreative idèar i.

Trekket er pynta med folieoverføring til stoff,tvinna streng og nokre
perler frå eit øydelagd smykke. Penne-lomma er frå ein utgått
støvelett :-)

Mange spennande prøvelappar som pirrar fantasien......

Og sist, men ikkje minst : Skatten eg fekk av ei av mine nye sy-vener!
TUSEN TAKK, Marihøno!


I slutten av September var eg på kurs på "Kvist og Kvast", ein spennande butikk som me er heldige å ha her på Stord. Her lærte eg å fletta hjarter i pil. Både fri- handsfletting og krusedull-flett på ramma vart gjennomgått , og  eg er no stolt eigar av to pile-hjarter som pryder heimen! Gledar meg til våren kjem igjen og hagen som innbyr til meir fletting av pil og andre materialer!


Hjarte fletta på fri-hand helsar velkommen

Haustleg stemning frå trappa.

Knute som krever at du har styrke i fingertottane......

Hjarta av krusedull-flett på ramme
har fått koma inn i varmen og pyntar
veggen i trappa.


Krusedull-flett i ordets rette forstand.........
Innimellom arbeid og andre kurs går eg og på bunadskurs der eg er i ferd med å sy ferdig Rogalandsbunad til min mann. Her er det øving i å væra stø på neven  og følga instruksjonane som blir gitt. Då er det ekstra godt med de andre kursa innimellom, der eg får utløp for kreativiteten! Bunadskurset er kjekt og givande arbeid synest eg, men eg kunne ikkje "bare" sydd bunad......då trur eg skaparevnen og kreativiteten hadde fått seg ein knekk........


Brokade-vest i nydelig brokade, nærmar seg
ferdig......

Bunadsjakken......

bunadsknickers på veg til å få broderte
knapphol.

Linningar som ventar på skjorta si....

Detaljbilde frå linningane
Det var kursa så langt ! Om 14 dg. har Stord Quiltelag open helg, og då vert det nye ting å læra. Du er hjarteleg velkommen du og!!