Totalt antall sidevisninger

fredag 16. desember 2011

UTFORDRINGA

 Då eg var på kurs i "Jul og Gjenbruk " av Erling Nesse, fekk me ei Utfordring : Me skulle bruka det me hadde lært på kurset og laga ei personleg julegåve......

Det vart for min del ei gåve til min mann....og sidan det var alt for lenge til jul då gåva var ferdig ( eg klarte ikkje vente ) , så vart det farsdags-gåve i staden. ( Det er vel lov?)

Bildet eg har bruka er eit kvardags-blinkskudd av våre to håpefulle... Teksten fann eg etter ein google-tur på internett som førte meg til ein nettstad med sitat og vers. Desverre huskar eg ikkje kvar.......

Eg må innrømme at teksten og bildet var allerede printa ut og klart, men at eg ikkje fekk tid til å gjere noko ut av det på kurset... ( timane vart så altfor få når kreativiteten bobla over...) Så då Utfordringa dukka opp på slutten av kurset var planen klar ..... - og her er resultatet :



Bildet er montert på eit stykke tapet som eg også har sydd nokre saumar i.

Teksten er overført til tynt bomullstoff ved hjelp av rammelim

Bomullstoffet med verset på er sydd på ein bit med lin som er bygd litt ut frå
bildet og tapetbiten bak. 

onsdag 14. desember 2011

Ikkje så galt at.......

..........det ikkje er godt for noko ! Starta friskt på nytt strikketøy for ei god stund sidan. Dette skulle bli lun og god genser til minstemann....var i hvertfall planen...., Synest det lyseblå garnet i Nøstebarns to-tråds garn, har ein nydelig farge, som ville passa minsten kjempe-godt. Men husmorfornuften tok litt overhånd då eg tenkte på korleis denne genseren ville sjå ut oppover armene etter ein arbeidsdag i barnehagen, og eg endte derfor opp med sjøgrønn farge nederst på armene og bol. Syntes fargane passa godt i lag ,og gjorde fornøyd genseren ferdig.  Men, akk, då min gode 3-åring skulle få prøva nye-genseren, viste det seg at den var akkurat passelig, og ganske så snart for liten.....
.Etter eit par sekunds betenkningstid, lova eg ny genser til min sønn, og fann ut at dette kunne jo bli ein fin-fin julepresang til ein av mine små nevøer. Så no ligg genseren innpakka og venter på jule-kvelden :-)


Genseren er strikka etter ei oppskrift i "Strikk til nøstebarn " av Kathrine Gregersen.


Har også strikka nokre pulsvantar til dei gode hjelparane mine frå forige blogg-innlegg og dei ser du her:


Desse pulsvantane fant eg i Familien Julemagasin. Raske og kjekke å strikke! De raudrosa er strikka i Mirasol frå Store Alpakka og de turkisgrønne er strikka i Sandnes mini palett.

lørdag 3. desember 2011

Ein kjempe UFO har snart landa

I forige blogg-innlegg skreiv eg om ei foreståande Open helg i Stord Quiltelag. Den helga er no passert og det har til og med gått nokre ekstra helger (kremt) Ja eg er treg med blogginnlegga mine......

Til Quilte-helga var eg så utruleg heldig å få hjelp til å montera eit dobbelt sengeteppe, som har vore ein kjempe UFO (UFerdig Objekt ) inne på syrommet mitt i mangfaldige år......så mange år at eg har kome ut av tellinga. Sjølve toppen av quilten har vert ferdig i alle desse år, men tanken på å montere toppen med vatt og bakstykke har vore veldig kviafyllt. Toppen måler 2,57 *2,57 m (!) , og det seier seg sjølv at det ikkje er gjort i ein fei......

Men, med 2 gode quiltevenner var løysinga nær . Dei hadde nemleg montert  store arbeid før og brukt ei spesial-laga ramme som hjelpemiddel. Problemet var bare at mitt arbeid var rundt ein halvmeter lengre enn det lengste dei hadde montert og den opprinnelege ramma var for liten til mitt monster av eit teppe. Men ingen problem er for store til desse tøttene og utfordringar tek ein på strak arm. Etter ein tur på Monter , nokre skruar og oppmåling seinare ,  hadde eine quiltevenninna mi ramme ,  som no kan ta tepper opp til 3*3 meter!


Her er bakstykket i ferd med å bli stramma opp på ramma



Etterpå la me vatt oppå. Her må ein ta ein halvtimes pause slik at vattet får lagt seg skikkeleg mot bakstykket.
Me benytta pausen til kaffi og vafler :-)


Så var det toppen sin tur.....Etter å ha nålt den fast til vatt og bakstykke, var det tid for tråkling..Og korleis i all verden gjer ein det når ein ikkje har nubbesjangs til å rekke inn mot midten på arbeidet? Jo, då tråklar ein det frå undersida :-)
Det har eg desverre ikkje bilde av.






Eg fann ut at hvis eg brukte ei skei å skubba teppedelene ned med den samtidig som eg dro nåla gjennom,var det mykje enklare og raskare å tråkle arbeidet.Krumminga på skeia gjorde det lett å få tak i nåla med fingrane.





Eg trudde eg var fyrste til å bruke skei i tråklinga, men ei dame fortalde meg at i USA har de spesial-laga skeier nett til dette formålet...... Jaja, trøsta får vera at det visste ikkje eg då eg kom på det :-)









Her er eg i full sving med tråklinga. No ligg teppet klart ved symaskinen og skal quiltes,fortsettelse følger......

Sist men ikkje minst: Tusen takk til Agnete og Elisabeth Augusta for fantastisk hjelp med ramme og monteringsarbeid, og tusen takk til Gerd Marit for iherdig og flittig tråkling!!