Totalt antall sidevisninger

lørdag 26. februar 2011

Fjorårets julegåve-maraton

I fjor hadde eg utruleg lyst å gi tantungane mine heimelaga julepresangar. Hadde nokre meter med rosa stoff, med alve-print på , liggande i den stadig voksande haugen med stoff . ( Er totalt hekta på stoff, men heldigvis avhengig av det stoffet som måles i meter , ikkje gram )

Stoffet vart kjøpt på impuls med ein vag tanke om å sy slumre-tepper i gåver. Den tanken forsvann like fort som den kom.....-og stoffet vart lagt vekk.

Så plutseleg ein dag i fjor haust kom idèen : Store, gode fleirbruks-vesker med ungane sine navn på!
YESS! Eg var i siget!!

Alvestoffet vart utgangspunkt og oppdagelses-ferda i lappehaugen kunne begynna , på leit etter følgesvenner til alvene. Etter nokre turar til sybutikken , og mange turar inn på syrommet, vart veskene til jente-delen av tantungane klare.


Så var det gutane sin tur. Her hadde eg ikkje noko hovudstoff å ta utgangspunkt i , så eg dro rett og slett mine gutar med meg til sybutikken så de kunne få velge stoffet sjølv. Valget fallt på eit stoff med motorsykkel-print. Godt valg av eit guttete stoff med fine fargar , syntes eg. Så var det nok ein gong tid for å dukke ned i lappe-haugen for å finne resten av lappane til veskene. Det vart 4 slike gutte-vesker , 2 til tantebarn + 2 til mine egne gutte-gull. Har desverre ikkje "gruppe"bilde av desse veskene , men har eit bilde av eine veska, så her er den :



Re-make og gjenbruk

Då eg gjekk i 5. eller 6.-klasse på barneskulen strikka mamma ein genser til meg som eg forelska meg heilt i !!!Eg simpelten eeeeelska den genseren og gjekk med den så ofte eg kunne. Sorgen var stor då klasse-venninner så smått begynte å hinte om at genseren var blitt veldig sliten, og eg måtte innsjå at genseren var eit avslutta kapittel. Gleden var desto større då mamma kom med 2 tova biter av min kjære,kjære genser :) Ho hadde tatt vare på den alle desse åra og no skulle den få nytt liv...... Som sitte-underlag! Kantar og bunn i ullfleece vart sydd på og tekst i gulgrønn ullfilt vart frihandsquilta på sidene. Ei hempe og knapp gjer sitteunderlaget lett å få med seg i tursekken!


Ullfleece og småjenter

Har 2 herlige gutter og ville absolutt ikkje ha bytta de mot nokon som helst jente, men av og til har eg kjent på sykløen når eg har sett så masse fint som det er å lage til jenter :) Å kunne boltre seg i blonder og pynteband er jo som å gå laus i godteskåla :) Heldigvis er eg tante til ganske så mange jenter, så når det renner over av "jentete kreativitet" , er det hvertfall nokon som kan få glede av det! Når kløen gjorde seg gjeldene i fjor vinter var ullfleece eit naturlig valg i kulden :) Fantastisk materiale å jobbe med er det også . Ingen rakning å tenke på....her er det bare å klippe og sy etter hjertets begjær :) Resultatet blei 4 tunika -kjoler til tante-barna + ein kjole til meg sjølv ! + ein kjole på bestilling :-)
2 søte tantungar
Kjoler i ullfleece med  hjerte-applikasjon og kant
i babycord ,blonder og hjerte-knapper! Her har
tante hatt det gøy!!!
 Min egen kjole . denne klippa eg på
frihand og sydde inn legg der eg såg det
var nødvendig etterkvart som eg prøvde den :)

Detalj frå kjolen min.


Detalj frå jentekjole

Detalj frå jentekjole


Kjole laga på bestilling. Denne er sydd av
vanlig fleece. Det prikkete stoffet er babycord.
Ellers er det pynta med blonder av ulik slag.

tirsdag 22. februar 2011

Og jula varer heilt til påske?

Hadde egentlig tenkt å komme i gang med bloggen før jul,men ting ville seg anderledes.......Bedre seint enn aldri og takka vera ein sein påske i år, så er det vel fortsatt lov å vise bilder av jule-arbeid?
Var så heldig å få overta ei gammel vindusramme, då lærarskulen her skulle byggast om. Den blei perfekt som ramme på ein quilt! Den fungerer også som julekalender her i huset. Det er spikra små -spiker langs sidene på vindusramma, slik at kalender-pakkane kan hengast opp :-)
Fin måte å bruke lappe-rester på : Knytt de rundt elefant-tråd som er forma som eit hjerte og vips: Ein dørkrans som passer fint i ein lappe-heim !
Pile-krans med fyllte stoff-hjerter i ulike raude stoff og perler på gullstreng.
Nissar i Hobby-kjeramikk. (Hadde heilt dilla på hobby-kjeramikk ei stund )
Engler i hobby-kjeramikk
Nissar sydd av ein Tilda-pakke
Juletre-teppe sydd i naturfarga lin med applikerte hjerter i ulike raude stoff

Monsterbukser ( og ein stor takk til Dubedåre )

I tilegg til lappeteknikk , quilting og generellt søm i det heile , er strikking noko av det eg driv mest med. Eg fekk koblingen til Dubedåre sin blogg av ei venninne og der i alt det fantastiske eg såg der, fant eg monsterbuksene! Tusen takk for ei  godt forklart oppskrift!! Gutane mine synest buksene er topp! Takka vera bloggen til Dubedåre og linkane vidare, fekk eg utrulig mykje inspirasjon, og fant ut at dette vil eg og vera med på, så her er eg :D
Monsterbukse til 6-åringen min. Måtte legge til litt meir masker i livet for å få den til å passa, fulgte ellers oppskrifta som den var :) Buksa er strikka i tynn alpacca frå Store Alpacca
Denne buksa er strikka til 3-åringen min og er strikka etter str. 4 år. Her brukte eg garn frå Dale, men huskar ikkje heilt kva :(

Endelig i gang!!!!

Hei alle sammen!!
Burde vel hatt eit glas med noko sprudlande i, no når eg skriv i bloggen min for fyrste gang!
Bloggen har stått tom ei stund pga. ein sjukdomsherja hus-stand , som i tilegg klarte å pådra seg ein god del data-trøbbel oppå det heile!
Men , no er eg i gang!!!!
Tenkte eg skulle presentera meg sjølv litt gjennom bilder av noko av det eg har laga, så hvis teknikken er med meg no..............
Veske sydd etter eit mønster på toalett-mappe av Bente Malm Som heiter "Mormors toalettmappe". Etuiet nedenfor er til små tørke-serviettar .


Pute , eget design


Enda ei pute , eget design