Totalt antall sidevisninger

torsdag 21. april 2011

På løpende bånd?

Ein av dei tinga eg synest er veldig kjekt å sy, er løpere. Som regel oversiktlige arbeid som ikkje vert for store å gjere ferdig. Fin måte å bruke rester av stoff på er det også. Det har blitt ein del løparar opp gjennom åra, både til meg sjølv og som gåver. Desverre har eg ikkje alltid vert så flink å ta bilete av arbeida mine, så eg manglar ein god del dokumentasjon i dette temaet. Men eg gjorde noko spennande eit år eg skulle lage julepresangar til søskena mine, som nett var flytta ut av redet og trengte litt av alt i de nye heimane sine. Då er gjerne ikkje dukar og pynt det som vert førsteprioritet, naturleg nok. Eg har ei søster og ein bror, og dette året hadde eg lyst å gi de kvar sin løpar og noko attåt.....Eg tenkte lenge på korleis løparane skulle sjå ut, utan å verta heilt enig med meg sjølv. Eg endte opp med å gå å kjøpa 2 ulike skåler som eg syntes passa til kvar av søskena mine og sydde rett og slett løparane etter korleis skålene såg ut. Det vart kjempe-spennande og eg endte opp med 2 løparar som vart heilt unike!! Skåla eg kjøpte til bror min var i brun kjeramikk med fletta tre-verk øverst, og eg endte då opp med løpar med afrika-inspirerte stoff i ulike brun-tonar og dyreprint... Søster mi fekk ei vintage-skål på stett med prestekrage-liknande blomar rundt kanten og løparen her vart lys og sommar-lett med quilta prestekrager strødd utover duken. Dette var ein veldig kjekk måte å få inspirasjon på og kan absolutt anbefalast!! Desverre har eg ikkje bilder av desse dukane , men håpar at idèen kan vere spennande for andre og :-)

Ein anna løpar vart til ved at eg var så heldig å få overta nokre lappar frå mor mi. Ho hadde satt seg ned ei helg med symaskin på hytta og berre durt i veg.....og enda opp med altfor mange lapper til arbeidet sitt - Heldige meg!! Så kom utfordringa : korleis skal eg komponere desse lappane? Løysinga ser dykk under og eg er godt fornøyd med resultatet! Det vart litt silke, bomullstoff og effekt-tråd som fekk slå følge med lappane til ho mor, og eg endte opp med ein løpar som eg synest passar like godt til advendt, som til vår og påske :-)

Fine lappar i lilla og grønt frå Mamma har  slått
følge med ulike bomullstoff og silke


Mange bitar å få = lang løpar!
Den andre løparen eg har bilete av er ein 30-års presang eg sydde for ei stund sidan. Her har eg holdt det veldig enkelt, med tanke på korleis jubilanten har det heime i forhold til fargar og interiør. Har også erfaring med sjølv at dei løparane som ikkje har for mykje som "skjer" på toppen , er dei løparane som vert mykje brukt :-) De er enkle å dekorere "rundt" med lys mm. og gode for auga å kvile på .
30-års presang som minnar om sol , sjø og lange sandstrender

Siste løparen i denne omgang er ein veldig enkel måte å sy løpar på , og ein super løpar for bruk av stoff restar og restar av blonder og band- og har du eit favoritt-stoff som det nesten gjer litt vondt å skjere i , så kan du jo bruke ein heil del av stoffet på midt-stykket i løparen!

Akkurat på løpande bånd,kan eg vel ikkje nett seie at løparane blir produsert, men gøy er det , og det kjem garantert fleire!

lørdag 16. april 2011

Litt meir ullfilt og eit aldri så lite ønske........

Hadde lyst å prøve meg på å sy jakke i ullfilt , og satte i gang med eit dypdykk ned i stoff-lageret. Der fann eg både ullfilt og cordfløyel (babycord) som eg syntes var fin og som passa godt saman. Etter jakken var omtrent ferdig gjekk eg på nok ein snopetur ( Har ein tendens til å bli nokre av dei.....)  På sybutikken og der fann eg nokre kjempefine band som passa knallbra til fargane på jakken ! Måtte ha......bare måtte ha.....

Og her kommer altså eit aldri så lite ønske inn : Kunne så veldig gjerna ønska meg nokre fine band (helst vevde) som er litt meir " Guttete" ! Gi meg dødninge hovuder, bilar og fly!!!! Ikkje bare søte blomar og blonde-border !Kanskje finns det allerede , det er bare eg som ikkje veit kor eg skal leita...... Kan nokon hjelpe meg med tips?? Alle kommentarer mottas med takk :-)
Slik blei resultatet! Ein fryd å kose seg med fine band og knappar! Eget mønster og design.

Detalj frå jakken bak. I saumen midt på ryggen er "sårkantene" på vranga sydd ned, noko som gjer at jakken er meir behageleg på og gir ein fin effekt til ryggen.

Jakka bakanfrå.