Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Samarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Samarbeid. Vis alle innlegg

lørdag 3. desember 2011

Ein kjempe UFO har snart landa

I forige blogg-innlegg skreiv eg om ei foreståande Open helg i Stord Quiltelag. Den helga er no passert og det har til og med gått nokre ekstra helger (kremt) Ja eg er treg med blogginnlegga mine......

Til Quilte-helga var eg så utruleg heldig å få hjelp til å montera eit dobbelt sengeteppe, som har vore ein kjempe UFO (UFerdig Objekt ) inne på syrommet mitt i mangfaldige år......så mange år at eg har kome ut av tellinga. Sjølve toppen av quilten har vert ferdig i alle desse år, men tanken på å montere toppen med vatt og bakstykke har vore veldig kviafyllt. Toppen måler 2,57 *2,57 m (!) , og det seier seg sjølv at det ikkje er gjort i ein fei......

Men, med 2 gode quiltevenner var løysinga nær . Dei hadde nemleg montert  store arbeid før og brukt ei spesial-laga ramme som hjelpemiddel. Problemet var bare at mitt arbeid var rundt ein halvmeter lengre enn det lengste dei hadde montert og den opprinnelege ramma var for liten til mitt monster av eit teppe. Men ingen problem er for store til desse tøttene og utfordringar tek ein på strak arm. Etter ein tur på Monter , nokre skruar og oppmåling seinare ,  hadde eine quiltevenninna mi ramme ,  som no kan ta tepper opp til 3*3 meter!


Her er bakstykket i ferd med å bli stramma opp på ramma



Etterpå la me vatt oppå. Her må ein ta ein halvtimes pause slik at vattet får lagt seg skikkeleg mot bakstykket.
Me benytta pausen til kaffi og vafler :-)


Så var det toppen sin tur.....Etter å ha nålt den fast til vatt og bakstykke, var det tid for tråkling..Og korleis i all verden gjer ein det når ein ikkje har nubbesjangs til å rekke inn mot midten på arbeidet? Jo, då tråklar ein det frå undersida :-)
Det har eg desverre ikkje bilde av.






Eg fann ut at hvis eg brukte ei skei å skubba teppedelene ned med den samtidig som eg dro nåla gjennom,var det mykje enklare og raskare å tråkle arbeidet.Krumminga på skeia gjorde det lett å få tak i nåla med fingrane.





Eg trudde eg var fyrste til å bruke skei i tråklinga, men ei dame fortalde meg at i USA har de spesial-laga skeier nett til dette formålet...... Jaja, trøsta får vera at det visste ikkje eg då eg kom på det :-)









Her er eg i full sving med tråklinga. No ligg teppet klart ved symaskinen og skal quiltes,fortsettelse følger......

Sist men ikkje minst: Tusen takk til Agnete og Elisabeth Augusta for fantastisk hjelp med ramme og monteringsarbeid, og tusen takk til Gerd Marit for iherdig og flittig tråkling!!



mandag 16. mai 2011

Tidsklemma og hjelpsomme mødre


I fjor vinter fann eg ei strikke-oppskrift på ein tunika som eg fekk veldig lysst på! Kjærlighet ved fyrste blikk, kan ein vel seie at det var. Optimistisk tok eg turen til garnforetninga og handla garn. Heiv meg i gang med prosjektet samme kveld og strikke-pinnane gjekk til de var "rødglødande". Den svarte delen av tunikaen var strikka på null komma niks, så kom utfordringa : rundfelling med rimelig mykje mønster og telling......

Eg tok sats - og hoppa ..........Det vart mageplask.......
Utrent på mønster-strikk og stuptrøtt på kveldane etter travle kvardagar med jobb og aktive ettermiddagar vart ingen god kombinasjon. Etter å ha strikka nesten heile mønsteret 4 gongar for så å rekke det opp igjen fordi eg ikkje vart fornøyd...nei,huff!! Posen med strikketøyet gjekk på hovudet inn i ein mørk, rotete krok på syrommet , og heile drømmen om den fine tunikaen vart fortrengd......

Heilt til mor mi ein dag kom til å tenke på tunikaen eg hadde snakka om , men aldri vist ferdig......etter eit blikk og eit djupt og ektefølt sukk frå meg, skjønte ho kor posen med strikketøyet var havna henn... Snille mammo mi tilbudde seg då å gjere ferdig arbeidet for meg, så eg skulle få gleden av å bruka tunikaen. Det tok litt overtalelse til før eg sa ja til det. Det låg liksom litt nederlag i å ikkje gjere det ferdig sjølv.....gi seg med tap. Men eg innsåg jo det at skulle den nokon gong bli ferdig, så var vell dette løysinga?

Motvillig så vart det slik......og eg trur ho kjære mor mi angra litt og.Etter å ha måtta rekka opp nokre gonger, trur eg egentlig ho helst ville ha sluppe å strikka den. Men mor mi er ikkje den så gir seg så lett ( det veit alle som kjenner ho ) og etter ei stund var tunikaen ferdig og eg kunne få ta den i bruk!! Hurra for snille (og sta ) mødre!! Tusen takk , mamma!!!



Mønsteret er frå SandnesGarn og det er strikka i tynn alpakka, også frå SandnesGarn

tirsdag 8. mars 2011

Samarbeid

Rett etter jul hadde eg koselig besøk av mormor og sambuaren hennar ( som ungane kalder Oldeper :-D )
Samtalen peila fort innpå håndarbeid og prosjekter me held på med. Mormor er ein tusen-kunstnar som kan klare det meste med symaskin og strikkepinner. ( for ikkje å snakke om hageinteressen og pilfletting mm. , men det er ein anna historie )

Langt inn i iveren om felles interesse, nevnte eg for henne at me venta på et lite tante ( og onkel ) -barn , og at eg lurte litt på kva eg skulle finne på til dette nurket, som me visste med stor sansynleghet var jente. Då viste det seg at mormor satt med ein strikke-kjole ( Strikka etter oppskrift frå boka " Strikk til nøstebarn " av Kathrine Gregersen ) som var for liten til den prinsessa ho hadde strikka den til. Ho hadde lurt på å rekke den opp, men hadde ikkje heilt fått seg til å gjøre det. No kunne eg få overta prosjektet!!! Heldige meg!

Eg monterte kjolen , som var minimalt med arbeid, siden den bare mangla nokre saumar under kvar arm. Sydde på pynteband og perlemor-knapper. Så fann eg ut at ein underkjole til strikka-kjolen hadde vert fint, då er det godt å ha bøker som "Barnetøy du selv kan sy" av Elsebeth Gynther til fri benyttelse. Boka er frå 70-tallet og har mange gode grunnmønstre til barneklær. Den er like aktuell no som den var for godt og vel 30 år sidan!

Underkjolen er sydd av tynt bomullstøy. Med knapper på selane er den enkel å ta på og varer lengre siden knappane
kan flyttast etterkvart som barnet veks.
Slik blei det ferdige antrekket. No gledar eg meg til å gi det vekk!