Totalt antall sidevisninger

tirsdag 30. august 2011

Babyteppe og trøstestrikking

Midt oppi tragedien og alt det fæle som skjedde 22.juli, gjekk eg og venta på at ei god venninne av meg skulle bli mor for tredje gong. Når utruleg masse trist fyllte tv-skjermen var det godt å "trøste-strikke" på eit baby-teppe. Eg er glad for handarbeidgleda mi, den hjelper når ein vil roe ned , "tømme hovudet" eller bare la tankane fara medan nevane arbeidar.
Eg valgte å bruka Nøstebarn-garn til arbeidet og fulgte oppskrift frå "Strikk til nøstebarn"- av Kathrine Gregersen. No skriv også Kathrine om baby-tepper på nøstebarn-bloggen  og den finn du her


 Kathrine Gregersen har også skrive ei anna kjekk bok som heiter "Brukt på nytt" og der finn du blant anna oppskrift på hekla bilar!!! Hekling er eg ikkje særleg god på,så eg såg dette som ein anledning til å bli ørlite bedre......Skal sei eg klarte å tømma hovudet for alt anna, hadde bare fokus på å få heklenåla til å lystra mine handbevegelsar! Til og med då mannen min og eg var på reis og bilen streika heilt midt uti ingenmannsland, fann eg roleg fram heklenål og byrja å hekla bildekk!! Veldig greit når Viking endeleg dukkar opp ,og eg hadde 3 heklabilar å visa til :-) Veit ikkje heilt kva Vikingsjåføren syntes om mine bilar, men eg var hvertfall godt fornøyd med egen innsats og jammen gløymte eg å venta og!

fredag 8. juli 2011

Når det eine tar det andre........

For 5 år sidan flytta me inn i nybygd hus, og har i løpet av de 5 åra prøvd å skapa ein koseleg heim der liten og stor kan trivast. Og det gjer me! - Sjølv om noko endå står litt "halvferdig"
På det eine badet har me levd med "bare" persienner sidan me flytta inn, og ønske mitt om å få henga opp lyse,lette gardiner der i tilegg har vert der like lenge.
Gardin og gardinstang vart kjøpt inn,men der stoppa også alle planer om gardiner opp. Min kjære mann hadde absolutt IKKJE lyst å bore i flisene for å få hengt opp gardinstang ( som i tilegg ikkje sku ha anna nytte-verdi enn bare å være fin..,)
Eg var egentlig enig i det. Hadde ikkje vert særleg tilfredstillande med sprukne fliser på badet, så då fekk vel gardin væra gardin....Eller?
Plutseleg var idèen der....Ein sein kveld medan eg pussa tennene, datt ein idè inn i hardisken. Med eit par ungar for lengst lagt og i djup søvn og mann på reisejobb , tok ho mor saken i egne hender.



Løysinga vart å skru nokre krokar i taket og henge gardinstanga i sløyfeband frå dei. ENDELIG!!!

- No fekk eg lyst å sy!

Sidan gardinstanga var litt lang, fann eg ut at eit par hjerter i lin-restar etter lys-lykt prosjektet mitt, passa fint som motvekt. Så tenkt, så gjordt!

Pute i stolen nedanfor vindauge hadde heller ikkje vert så dumt. Badebilde av gutane passa bra på baderoms-pute synest eg! Sjølv om dette bildet også vart brukt på lys-lykta, så havna det på puta i tilegg. Kanskje litt dumt med samme bilde? Pytt,pytt, det er jo ikkje i samme rom- ikkje i samme etasje ein gong......



Teksten på puta fann eg på ei lita fotoramme. Skreiv teksten på pc`en
Fant passe font og storleik og printa ut - Fin måte å lage seg egne mønster på stichery-tekst! Med glade Tilda-stoff og litt velurband, vart det eit flott innslag med farge på badet ! - No gjenstår det bare å få malt stolen.......

onsdag 6. juli 2011

Lys-lykter

Dubedåre er ei av dei bloggerne eg begynte å lese fast og som gjorde meg interessert i blogging. Gjennom hennar blogg har eg funne fram til masse spennende idèar og ikkje minst mennesker! Bla. Lykketing og hennar knallfine lyslykt i stoff! Fekk veldig lyst å laga noko lignande!
 Eg kjøpte inn lin som er ganske grovt vevd, slik at lyset reflekterar fint gjennom lin-strukturen. Eg synes idèen med å bruke spaghetti-saus glas ol. er kjempegod, men ønska meg ei enda større lykt som kan romme eit stort kubbe-lys.
Eg enda derfor opp med å bruke ein heilt rett glasvase frå Plantasjen som "inner-del", og sydde deretter sylinderen i lin slik at eg kunne tre denne over vasen. Lot sylinderen være ca. 5 cm høgare enn sjølve vasen.
Pynta toppen av lykta med blonde og eit band med perler og små metall-hjerter. ( Kjøpt på ein fantastisk quiltebutikk i Skudeneshavn )

Bilde tatt med speilrefleks-kameraet viser best korleis  lykta blei, medan mobil-kameraet  visar  det fine lyset som er i lykta....
 Medan eg var i gong å lage lykter, ville eg prøve meg på nokre i litt mindre målestokk, der eg også kunne prøve ut ein decopage-teknikk som eg lærte på eit av Stord Quiltelag sine medlemsmøter. Også her er inner-delen vasar frå Plantasjen, men i mykje mindre målestokk enn den i den store lykta. Serviettane eg har brukt
er frå Europris, medan decopage-utstyret er frå Panduro.

Det var utrolig kjekt å sy lykter, og lyset de gir skapar ein koseleg atmosfære. Takk for inspirasjonen og idèen!

mandag 4. juli 2011

Heilårs-jakke med personlig vri

Huff og huff, no er det altfor lenge sidan eg har skrive her på bloggen! Innspurt på jobb før eg får ferie og hage-lidenskapen min har tatt heilt overhånd! Sommarkveldar i hagen som inneber skitne nevar ( Er ikkje særleg flink til å bruke arbeidshanskar ) og trøtt, men lukkeleg kropp har ikkje vert heilt forenlig med pc`en.
Men, handarbeid har eg gjort innimellom, og noko har vert i bruk ei god stund, fordi eg har vert så treg ,både med fotografering og blogging.
 Men no har min noko motvillige modell på 6 år stilt opp , så ho mor kunne få fotografert den nye jakken hans.
Då eg foreslo fotografering i trampolinen gjekk alt så mykje meget bedre.......



Oppskrifta til jakken har eg funne i Kathrine Gregersen si bok " Strikk til nøstebarn" La om fargevalget og stripene vart til etter eige hovud.
Hadde lyst å tilføre lommer til jakken, så desse strikka eg for seg og sydde på i etterkant.

Strikka de slik at de vart litt "runde" i formen og ikkje heilt flate mot jakken. Dette gjorde eg ved å bytte til eit nr. større pinnar nokre omg. etter opplegginga.Bytta tilbake til dei mindre pinnane igjen då eg skulle strikka brotet oppe på lommene. Romslige lommer som passar ein 6-åring på skattejakt!

mandag 16. mai 2011

Tidsklemma og hjelpsomme mødre


I fjor vinter fann eg ei strikke-oppskrift på ein tunika som eg fekk veldig lysst på! Kjærlighet ved fyrste blikk, kan ein vel seie at det var. Optimistisk tok eg turen til garnforetninga og handla garn. Heiv meg i gang med prosjektet samme kveld og strikke-pinnane gjekk til de var "rødglødande". Den svarte delen av tunikaen var strikka på null komma niks, så kom utfordringa : rundfelling med rimelig mykje mønster og telling......

Eg tok sats - og hoppa ..........Det vart mageplask.......
Utrent på mønster-strikk og stuptrøtt på kveldane etter travle kvardagar med jobb og aktive ettermiddagar vart ingen god kombinasjon. Etter å ha strikka nesten heile mønsteret 4 gongar for så å rekke det opp igjen fordi eg ikkje vart fornøyd...nei,huff!! Posen med strikketøyet gjekk på hovudet inn i ein mørk, rotete krok på syrommet , og heile drømmen om den fine tunikaen vart fortrengd......

Heilt til mor mi ein dag kom til å tenke på tunikaen eg hadde snakka om , men aldri vist ferdig......etter eit blikk og eit djupt og ektefølt sukk frå meg, skjønte ho kor posen med strikketøyet var havna henn... Snille mammo mi tilbudde seg då å gjere ferdig arbeidet for meg, så eg skulle få gleden av å bruka tunikaen. Det tok litt overtalelse til før eg sa ja til det. Det låg liksom litt nederlag i å ikkje gjere det ferdig sjølv.....gi seg med tap. Men eg innsåg jo det at skulle den nokon gong bli ferdig, så var vell dette løysinga?

Motvillig så vart det slik......og eg trur ho kjære mor mi angra litt og.Etter å ha måtta rekka opp nokre gonger, trur eg egentlig ho helst ville ha sluppe å strikka den. Men mor mi er ikkje den så gir seg så lett ( det veit alle som kjenner ho ) og etter ei stund var tunikaen ferdig og eg kunne få ta den i bruk!! Hurra for snille (og sta ) mødre!! Tusen takk , mamma!!!



Mønsteret er frå SandnesGarn og det er strikka i tynn alpakka, også frå SandnesGarn

fredag 13. mai 2011

Jakke i domino- strikk

For ei god stund tilbake strikka eg ein jakke i domino-strikk. Eg fann ei oppskrift på Garnstudio sine sider og fekk veldig lysst til å prøve denne teknikken. Oppskrifta finn dykk her
Veldig kjekk måte å strikke på synest eg , men likte ikkje heilt garnet ( silke-tweed ) Synest tråden slit lett . Andre som har erfaringer med dette garnet?
Eg strikka jakken i str. medium og det holdt i massevis for min del. Sidan jakken skal festes med brosje eller nål, så er det jo ulike måtar å dandere den på, eller bare la den henge "laust " framme, og det gir den jo fleire bruksområder kanskje?
 Likte det å arbeide med ei rute om gangen og på ein måte " pusle" saman jakken etterkvart. Veldig greit arbeid å ha med rundt omkring fordi ein jobbar nettopp med ei og ei rute om gangen! Nedanfor ser dykk resultatet av domino-strikket mitt:



 Blir kjempeglad om du legg igjen ein erfaring om du har strikka med denne teknikken - eller garnet, eller om du veit om andre kjekke oppskrifter med domino-strikk!

torsdag 12. mai 2011

Klubbkveld og vesker

For ei stund sidan var det min tur til å ha klubb og eg innkalla mine gode venninner til ein kveld med god mat og prat :-) I klubben vår spenner interressen for håndarbeid seg frå å væra omtrent fråværande hos ei til gadvis meir og meir entusiastisk hos andre . Nokre driv håndarbeid fordi håndarbeid er gøy, andre gjer det for å bli ferdig. Her er alt lov , og vil du bare sitta med nevane i fanget er du velkommen til det :-)
Denne klubb-kvelden , kunne ei klubbvenninne og eg stolt vise fram veskene me hadde sydd oss på kurset til Andrè Wallenborg.(Sjå tidlegare innlegg her på bloggen!)...noko som enda i ei veskebestilling for min del.

Eg hadde kjøpt ein del utstyr til veske då eg var på kurset,så no gjaldt det bare for ho som bestillte veska å finne eit hovudstoff ( Utsida av veska ) som ho ville ha. Her er gardin lengder og møbelstoff med litt stødig kvalitet ( ikkje for laust vevde ) gode å bruke. Ved fyrste augekast syntes eg stoffvalget vart kjedelig, men blei veldig fornøyd med egen innsats då veska var ferdig. Ho vart rein og fin i design og fargar - og passar til alle antrekk pga. fargevalget. Og det skal mi gode venninne , veskebestillaren, ha all ære for!

Då det neste gang var klubb hos venninna mi, kunne eg troppe opp med veske til henne! Under ser dere resultatet.Bildet er litt dårleg desverre ( det er tatt med mobilen )







På klubben fekk me bl.a. ein nydeleg eple-pai som eg gjerne vil dele me dykk, så her er oppskrifta:


                       RANDI`S EPLEPAI

        Skjer opp epler i bitar ( Eg har ikkje med skrellet, men det er valgfritt ) og legg dei i bunnen av ei
        godt smurt paiform. Dryss kanel over  eplebitane og bre deretter ein pakke med vaniljekrem
        over.

        Lag smuldredeig av 150 gr. margarin /smør
                                       2 dl. sukker
                                       4 dl. hvetemel         og dryss dette over vaniljekremen



         Steik paien på nederste rille i ovnen på 180 gr. i ca. 40 min


         Nytes med vanilje -is ( eller økologisk kanel-is frå Isrosa hvis du er heldig å får tak i det! )